Ein Gåfestival for dei som ikkje søker ekstremsport, men ekstrem lukke — av å gå.

«GÅ” blir ein biennale som går av stabelen annakvart år.  Sett av fyrste helg i september 2017. Vi treng litt pust att til årets motbakkar, og tillet oss difor å sjå tilbake på GÅ 2015. Takk til dykk som kom og bidrog til tre minnerike dagar i Aurland og hjå oss på 29|2 Aurland. Hjarteleg velkomne tilbake – og hjarteleg velkomne skal de vere de som  vil bli med å GÅ 1-3. september 2017.

Sjåast!