dalen
knutbry

Damene og Knut Bry

Laurdag 8. august
10.00

Rute: Berdalen til Vassbygdi
Varigheit: omtrent 6 timar

Aurlandsdalen er landets mest kjende turdal, og vert og kalla Noregs “Grand Canyon”. Mange har hatt minnrike opplevingar i Aurlandsdalen, nokre er det blitt både ekteskap – og barn av. Og nokon har nok og kjent det gufse frå Vetlehelvetet. Fleire gonger har det stått om liv når fjella byrja buldra og steinane føyk. Vi veit at huldra har vore på ferde mange gonger. Damene i “Aurlandsdalens vener” kjenner kvar stein. Dei er i aller sin beste alder og nokre har I si tid gått der med dyra sine. Aurlandsdalen er den kjende driftevegen mellom Aust og Vest. Bli med Kristin Sønnerheim, Sigri Sønnerheim Tønnesen og Oddny Hernes på ei minnerik vandring frå Berdalen, over hengebruer, gjennom Vetlehelvetet og ned til Sinjarheim til Vassbygdi.

Med seg på turen får damene ein av landets mest internasjonalt akta fotografar, Knut Bry. Når han går på tur, ser han. Han ser at ein gamal løypestreng er eit instrument i boge over dalen, eller at bekken vi andre hoppar over er eit lite himmelskrin.

Han har fleire utstillingar bak seg, og har fotografert for Vogue og Conde Naste. Han er ikkje berre ein magikar med lys, men og ein performance kunstnar og eit samfunnsengasjert menneske. I eitt år har han hatt sin eigen daglege boikottaksjon mot Nestlè: “Water for everyone”, der han postar bilete av vatn kvar dag. Knut GÅR for det han trur på! Fotografer og drikk vatnet I Aurlandsdalen med Knut. Det er vatnet herifrå som held Oslo opplyst!