jorunn

Jorunn Barane

Laurdag 8. august
11.00

Rute: Aurland

Vi er så heldige å ha naturpedagog og storyteller Jorunn Barane, utdanna frå “School of Storytelling” i Sør-England, i Aurland. Ho kjenner forteljingane til dette landskapet og tek deg med inn I det ukjende blå – og deg sjølv.

Jorunn er oppteken av staden sin eigenart, ”Genius Loci”, det genuint lokale og inspirerande I naturen vi er omgjeven av. Ho er og ein sann økolog og ei vandring med ho er ein hyllest til alt som veks – med røter – og føter. Det blir og stopp hjå dei lokale handtverkarane vi er så stolte av: glassblåsaren Merete Rein, skomakarane I Aurlandskoen og Marianne I “Mariannes bakeri” – vår økologiske bakar.