ligardstun
Kjøp Billettar

Jon Grønsberg

Laurdag 8. august
10.00

Rute: 29/2 Aurland til Hovungo
Varigheit: omtrent 6 timar

Få kommunar har dyktigare lokalmatprodusentar enn Aurland. Og I alle fall ikkje spretnare bønder. Med 80 prosent av landarealet liggjande 900 meter over havet, er kommunen eigna for geit-og sauedrift. Det er difor vi har den beste geitepølsa, geitosten – og sauebollene! Sauebonden Jon Grønsberg (19) er utdanna turleiar frå DNT og tek oss frå 29/2 Aurland og Tokvam, opp den nyrydda gamle stølsvegen til Hovden og ned til stølen Hovdungo. Der ventar ein annan dyktig sauebonde: Gry Lie Roberts som driv  Li Gardstun, ein brattlendt vestlandsgard langs  Aurlandsfjorden. Ho fortel historiar om garden, naturen og kulturen,  og byr på smaksprøvar frå eigen produksjon – med panoramautsikt over Aurlandsbygdi.