heimigarden

Laurdag 8. august
19.00

Sted: Låvebrua

Andre stadar har dei “catwalk” – vi har kattegang på låvebrua med lokale designerar – og modellar.

GÅ med hatt (mot bygdedyret)

GÅ med genser (Heimigarden med verdas vakraste kashmirgenserar – frå Stadt)

Og “GÅ MED SKJØRTENE” – som skal assosieres med uttrykket “Å gå med buksene” – ein revival av den store trygge, sterke og verdige kvinna. Ho som går med skjørtene og som INGEN kan mukke med.

Designar Gunn Wester står bak merket “Valkyria” – som vart til i skjæringspunktet mellom italiensk design og norske røter. Fem år med motestudiar I Milano er tråkla inn I norske handtverkstradisjonar – med trådar av økologi, gjennvinning og fairtrade.