Neste festival blir i 2017

“GÅ” er ein Gåfestival for dei som ikkje søker ekstremsport, men ekstrem lukke – når dei går.

Vi vil at de skal kome hit å gå fordi vi trur du blir hakket klokare når du går. Og er det noko verda treng – er det klokskap.

Vi arrangerer ei rekke gå-turar med ulike nivå og tema. Sjølvsagt kan du og ta av garde på eige hand. Det blir høve til å få påfyll av både åndeleg føde – og den føda du blir god og mett av – for vi har verdas beste geitost, geitepølse, hjortekjøt og sauebollar!

Og så er vi så heldige å ha Norges einaste heiløkologiske jordbruksskule i bygda.

”GÅ” skal knyte menneske og natur saman i Verdsarvområdet i Aurland. Her var det i si tid 19 skofabrikkar, for driftekarane opp Aurlandsdalen måtte ha gode sko – så her har dei gått, og går framleis. Framleis har vi Aurlandsskoen her, og framleis står fjella.

80 prosent av kommunen ligg 900 meter over havet og du går ikkje langt utan utsyn til fjord, fjell, fossar – og geiter. Og så har vi sjølvsagt vår eigen ”Grand Canyon” – Aurlandsdalen – hengebruer og Vetle Helvetet.

om
omradet1


Den gående kjenner friheten. Han kan selv velge sine veier. Videre er det godt for tenkningen og for helsen å bevege seg til fots. Aller helst skal vi gå ut av byen, ut i det fri, ut på landet, og ut i naturen; det frigjør tankene og gir god appetitt.

 Tomas Espedal

Til alle tider har store tenkjarar og forfattarar gått, noko kultboka ”Gå, eller kunsten å leve eit vilt og poetisk liv” av Bragepris-vinnar Tomas Espedal er eit godt døme på.

Og for å seie det med Espedal og D.H Lawrence: ”Sjelens store hjem er den åpne veien”.

Vi veit du godt kunne traska avgarde sjølv, men vi har samla gode folk som alle vil gå, så kvifor ikkje slå følgje? Ikkje skal du gå fort, og ikkje skal du tenke på Birken, eller trikken – berre gå.

Start i dag: gå deg varm og glad og kom til oss 7. – 9 august.